Linda Eide til Arktisk kultursenter

Linda Eide kommer til Hammerfest den 23. Mai, og det er ikkje småtteri altså!
Billetter i salg!

Linda Eide brukar alt ho har lært av fagfolk og lekfolk og gyv laus på det fascinerande, fantastiske, herlege og ytterst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefiresju: Språket! Velkomen til ein vittig og underfundig språkleksjon, i ein beint fram hyggeleg og eksamensfri atmosfære.

Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Sidan 2017 har ho fronta programmet Eides språksjov, og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding på NRK1. 

Publisert
26. januar 2024
Skrevet av
Sverre Gjørvad